jump to navigation

2014 og nytt hovudmål 14.01.14

Posted by Erik B in Uncategorized.
Tags: , , , ,
add a comment

Nytt år, nytt hovudmål

Eg går inn i det nye året med nytt hovudmål: nynorsk.  Først endra eg Facebook og fekk nyhendestraum.  Viss eg skal skrive noko i statusfeltet, må eg svare på spørsmålet: Kva har du på hjartet?  Det blir ein ny måte å føle nynorsken på: å bruke han kvar dag, eller å ha undervist i nynorsk i 17 år på i videregåande skole.  Eg lurer eigentlig på ting heile tida.  Kva kan eg skrive, kva er rett?  Samtidig krev norsk skole at elevane skal kunne analysere tekstar eller kåsere på nynorsk etter tre år med sporadisk undervisning.  Eg er framleis i tvil om den skriftlege eksamen er ein lur ting.  Det er jo ein slags tvang som kan verke meiningslaus.  Men kanskje bør ein halde fast på visse ting.  Som tremila i militæret, Hamsun og Ibsen og sidemålsstilen.  Om ikkje for anna for den språklege toleransen og respekten for norsk talemål.  Eller for at desse vestkant-FRParane ikkje skal tru at bokmålet  er skapt av Gud for at dei skal vere overklasse: innsett av kongen i sentraliseringa sitt namn.  Lenge leve periferien og provinsen, seier no eg.  Og lenge leve nynorsken!

Image