jump to navigation

Norsk sidemålseksamen for påbygningselevar i morgon 27.05.10

Posted by Erik B in Uncategorized.
add a comment

Å være eller å vere flink å skrive nynorsk

I august 2009 møtte eg 30 blide andlet i klasserommet. Dei var elevar som skulle ta norsk i ein påbygningsklasse. Bakgrunnen deira var blanda, men eg kan nok trygt seie at når det gjeld kompetansen i nynorsk skriftleg, så var det meste borte frå det vesle dei fekk med seg frå ungdomsskulen. Så det var berre å starte på nytt med heilt enkle oppgåver kvar veke. Første time på torsdagane blei satt av til skriftleg nynorskopplæring. Dette er elevar som i slit med hovudmålet sitt og ofte har ymse skrivevanskar. I dag, torsdag 27. mai hadde eg min siste nynorsktime. I morgon skal dei skrive på sidemålseksamen og det er for enkelte avgjerande om dei kan byrje på utdanninga dei har planlagt til hausten. Viss dei har for mange språkfeil, stryk dei og får ikkje vitnemål.

Mange manglar motivasjon

Mange av elevane har slite med motivasjonen dette året. Dei slit med rettskriving i hovudmål og sidemålet kjem som ei ekstra bør. Sensorane forventar at dei skal kunne skrive flytande og god nynorsk. Er det muleg? Ja! Eg har elevar som har gått frå karakteren 2 til 5 gjennom dette året. Men desse tilhøyrer unntaka. Fleirtalet slit med grammatikkforståing og det å kunne skilje dialekt, bokmål, svensk og nynorsk. Viss vi samanliknar med vanlege allmennfagelevar, så har dei tre år på seg og kan byggje direkte kunnskapen frå ungdomsskulen. Slik at vegen fram til eksamen blir lettare med fleire forsøk på å skrive tekstar og meir undervisning.

Mene mene tekel ufarsin

Den grammatiske koden og språklege skriveforstyrringar

Det er alltid nokre elevar som skjøner koden kjapt og klarer å tileigne seg den skriftlige kompetansen, men mange slit og det er ikkje til å leggje skjul på at desse elevane også slit andre fag og med høgt fråvær. Men det er nynorsk skriftleg eksamen som gjer det avgjerande utslaget i stadig nye generasjonar: Du er vege og er funne for lett! Du får ikkje vitnemål. Blant desse elevane finst óg døme som har 5 både i naturfag og matematikk. Og eg spør meg sjølv: Sjølv om det høgaste ønskjet til mange jenter i dag er å bli vege og funne for lett, så har vel denne praksisen meir til felles med det latinske regimet som herska i ein periode i Noreg.

Kva er bodskapen?

Viss du spør meg om eg kjenner meg stø i sidemålet, så er svaret nei.  Eg er lektor i norsk og har undervist i 16 år.  Eg tyr til ordboka ofte og det kjem jo stadig nye former som er tillate og ikkje tillate å bruke i dei to målformene.  Me brukar så mykje tid og krefter på dette at vi går oss vill i ein skog av språk, innhaldet får lide.  Eg er stadig i tvil.   Eg kjenner blikket til dei kritiske brukarane som har dette som hovudmål.  Kva med elevane då?  Dei mest samvitsfulle sit i timevis og slår opp nesten kvart einaste ord og dermed mister dei verdifull tid til å gjere teksten til ein god stil.  Og i morgon brakar det laus igjen.  Kven blir funne for lett?

Advertisements